Noe å glede seg til

Ny dato for Marie Løvås-konserten

Marie Løvås kjem til Terminalen 1. oktober og held konsert i samband med sleppet av debutalbumet "Natta ser det som ingen ser".

"Vi er her" er ein konsertserie med nasjonale og lokale artistar. Konsertane blir intime og spesielle, med begrensa kapasitet, og med smittevern og tryggleik for publikum i fokus. Billettar på Tikkio, og det er mogleg å kjøpe digital billett. Konsertserien er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Marie er låtskrivar og artist frå Sunnmøre, busatt i Oslo. Ein oppvekst med fjellet rett bak huset og skogen som næraste nabo set sit preg på musikken hennar i form av naturlege metaforar, dynamiske og melodiøse stofer og ein klar vokal på dialekt. Med eit eminent band på laget har Marie sine låter fått blomstre blitt til eit variert uttrykk med inspirasjon frå norske viser, populærmusikk, jazz og soul.
Marie vart nærmast født inn i et familiekor på Sunnmøre. Dermed vart både små og store konsertar i ulike bygder og byar ein del av oppveksten hennar. Ho vart raskt oppteken og fasinert av klangen som oppstod, særleg i dei ulike kyrkjene dei sang i. Det var nok her ho først fekk utforske og forme hennar klare vokal. Etter tre år på musikklinja på Fagerlia i Ålesund flytta Marie til Oslo for å studere musikk. I løpet av studietida møtte ho musikarar ho jobbar med idag. Det var også i denne perioda ho byrja å skrive sine første låter på norsk. Ein av dei første Marie viste musikken sin til var bassist og låtskrivar Andreas Rukan (Fieh, Vegard & Ivar band). Etterkvart byrja dei å skrive låtar saman, noko som har resultert til fleire låtar på Marie sitt repertoar. Saman med Fredrik Svabø (iris, Behind the Canvas) har denne trioen produsert debutalbumet "Natta ser det som ingen ser" som vart spelt inn hausten 2019.
I Marie sin musikk møtar du forteljingar der det sårbare og det sterke går hand i hand. Ho tek med seg dei landlege naturmetaforane inn i storbyen, og let lyttaren få kome nært på. Med ein oppvekst der hits for kids var like naturleg som salmesang, jazzstandarar vart sunge på lik linje med arier, og med eit samansett band som har sett sitt preg på musikken med referansar frå jazz, populærmusikk, gospel, soul og singer/songwriter-sjangeren er det naturleg at musikken utspelar seg som variert, men med ei tydeleg kjerne.
Med seg har ho eit knallsterkt band:
Andreas Rukan på bass
Fredrik Svabø på gitar
Runar Netland på trommer
Bård Kristian Kylland på tangentar
Petter Lien på trompet
Dører: 20:30
Show: 21:00
ID: 18
Pris: 249,-
Student: 149,-
Digital billett: 49,-
Billettar: https://tikkio.com/tickets/19055-marie-lovas-terminalen
Billettar kjøpt til konserten 15. mars er gyldige til denne datoen.
Marie Løvås
1. oktober
Terminalen Byscene
Dører: 20:30
Show: 21:00
ID: 18
>
x