Once Upon A Time In The West
Det spellemannsnominerte bluegrassbandet Earlybird Stringband har vært i studio på Giske for å spille inn sitt oppkommende album. Vi tok oss en prat med Hans Martin Austestad fra Earlybird Stringband om studiotid og gamle western-filmer.
Earlybird har nå vært i Ocean Sound Recordings på Giske og spillt inn plate, hvordan gikk det??
Det gjekk over all forventning, igrunn. Det er to år sidan me spelte inn vår forrige plate, og ilaupet av denne tida har me jobba mykje med eit meir kokande livesound. Me håpa å fange opp dette då me gjekk i studio, og skjønte etter første dag at me hadde førebudd oss i riktig retning.
Hva var planen??
Me ønska å komme oss litt vekk frå allfarveg, sidan fleire av medlemma har ein tendens til å bli huka tak i for små oppgåver og ærend dersom dei er lett tilgjengelege. I tillegg hadde me lyst til å gjere ein tur ut av studioinnspelinga, sidan me alle igrunn setter pris på frisk luft og fri frå trafikklyd og gatelys. Og så hadde me lyst til å finne eit studio som var av ein slik størrelse at me kunne gjere liveopptak av bandet, i tråd med ønsket om eit levande sound - som tross alt kjenneteikner den akustiske countrysjangeren.
Planen var å spele inn alt det instrumentale i laupet av 6 dagar, kanskje med litt vokal undervegs for å få inntrykk av korleis alt skulle bli. Me hadde 15 låtar på plakaten. Etter 3 dagar var me ferdige med det me hadde tenkt å greie på 6 dagar.
Hvorfor det, tror du?
?Fleire årsakar. For det første insisterte nærmast lydteknikar Eyvinn Magnus at me burde spele inn så mange samtidig som mogleg, og heller justere ned om det skulle vise seg å verte for uoversiktleg. Dette skjønte me raskt kom til å fungere. Blant anna fordi me hadde førebudd oss bra. Me har spelt saman ei god stund, og øvd jamnleg i lang tid og kjørte oss opp med to øvingshelgar og by:larm i forvegen. Mange av låtane har vore med oss live i fleire år, men me var førebudd på at det kunne verte utfordrande å ha overblikket og overskuddet då alt skulle på opptak.?På kveldstid hadde me også moglegheit til å pløye gjennom neste dags låtar, sidan alle uansett var på plass under samme tak heile veka.?Ikkje berre fekk me gjort meir enn planlagt. Me såg også gjennom - The Good The Bad And The Ugly, Once Upon A Time In The West og For A Few Dollars More og eit par filmar til mens me var der oppe. Det å koble av, ete god mat, sjå ein seig film, og få hovudet i lodd, tykkjer eg ikkje ein kan undervurdere når ein skal vere effektiv i arbeidet.

Hvordan var denne innspillingen i forhold til tidligere??
Beliggenheten til studioet er jo fantastisk. Ingenting å utsetje på den. Om du lar deg påverke av omgivnadar når du speler, er dette ein veldig bra plass å vere. Ein stor og variert mikrofonpark var veldig fint å ha når det skulle så mange instrument inn på opptak på ein gong. Innspelingsromma var også veldig bra. Sjølv om me berre brukte to av romma var det ein fordel å ha fleire rom tilgjengeleg dersom nokon trengte å teste ut litt arrangement og instrumentasjonsidear. Då var det berre å smette inn i ein bås og gå laus på instrumentet mens resten arbeidde vidare.?Det å ha eit skikkeleg kjøkken med induksjonsovn og oppvaskmaskin gjorde at me lagde sunn og bra mat, utan at det gjekk med tid til å rydde spesielt mykje. Kaffien, som kom med på kjøpet, innhalerte me rett og slett. Og to av oss bada også i sjøen då me var ferdige. Studioet er kjempebra, rett og slett!
Tror du at dere kommer tilbake til Giske??
Me sa då me reiste at me håpte me fekk moglegheit til å komme tilbake. Det skulle nesten berre mangle, etter å ha hamna tre dagar foran planen. Det passa oss perfekt denne gongen, og når me veit kva for fasiliteter som venter oss er det sjanse for at me kan tilpasse oss endå betre ein seinare gong. Me er rett og slett kjempefornøgde, og reiste heim med råmixer me ikkje eingang hadde greidd å bli lei av undervegs. Det er ein første gong for meg i allefall.
Vi vil gjerne takke Earlybird for besøket, og ønske de lykke til på Spellemannsprisen Lørdag 4.mars.
Tweet Share
Relatert informasjon
Earlybird har vært i studio på Giske.
Nominert til Spellemann for beste Countryalbum.
Jobber med nytt studioalbum nå.
-
3 nye til Jugendfest
Vi har tre nye navn til Jugendfestplakaten, se hvem som kommer for å skape fullt trøkk på Color Line Stadion!
-
Avicii om Madonna
Se intervju med Avicii der han forteller om opptreden de hadde sammen på Ultra, og hans turneplaner for året.
-
Travis til Sommerfesten
Fran Healy spilte på Sommerfesten i fjor, nå kommer han tilbake med resten av gjengen i Travis!